1. Vi har valt å ta føre oss dalføret: Strandadalen. Som vi kan sjå på bildet over Strandadalen, ser vi at det er ein u-dal. Dalen blir smalare til lenger inn ein kjem, og fjella blir brattare, til vi kjem til Herdalen, der dalføret stoppar. Strandadalen er omlag 15 km lang, målt frå Dregebrua og til Herdalen. Det bur omlag 200-250 personar i Strandadalen. Bilvegen fortsett innover i fjellet på Herdalen, som er i enden av dalen. Elva som renn gjennom Strandadalen heiter Storelva. Dalen har eit stort næringsliv. I Strandadalen ligg nemlig Svemorka Industriområde. Detter består av Norsk Sjømat, Stabburet, Langlo AS, Stålvarer AS, Stranda Stålindustri, K.Nordang, Farstad Vaskeri, Sea Side, Scania avd. Stranda, PEAB. Strandadalen sitt næringsliv består også mykje av jordbruk. Kjente fjelltoppar, Heimste og Fremste Blåhornet, Flosteinibba, Overvollshornet og Emdalstindane. På bildet ser vi også at mesteparten av berggrunnen består av granitt. Link til kartet finn du her!

Fin innleiing men saknar bilde. Det kartet du har lagt ved er eit berggrunnskart. Det var meininga det skulle vere eit topografisk kart dvs. som viser berre det som er synleg (vanleg "turkart" feks. frå Norgeskart)
SvarSlett